Fleire føresette melder at dei opplever trafikksituasjonar rundt Nedre-Ål skule og Ål ungdomsskule som utfordrande, noko kommunen tek på alvor.
Utfordringane gjeld spesielt Myrovegen (fylkesveg) frå Hallingdal Feriepark til Nedre-Ål skule/Ål ungdomsskule, og skuldast i hovudsak stenging av Sundrevegen ved Kvinda og mykje anleggstransport pga pågåande arbeid med skuleparken ved Nedre-Ål skule.
Ål kommune arbeider med løysingar både på kort og lengre sikt.
- Det er no inngått avtale med grunneigar og etablert ein mellombels gangveg under Rv7 (sjå kart), slik at elevar kan nytte Sundrevegen til skulen i staden for å gå/sykle til Ferieparken og deretter gjennom undergangen opp Myrovegen.
Den mellombelse gangvegen går nedanfor hyttene vest for Ferieparken, over brua i klatreparken, og så bak «Fjøset», under rv7, opp på plassen til Flid håndverk og deretter inn på den midlertidige gangvegen som var i bruk før gangvegbrua vart rive. Sjå kart nedanfor.
Det attstår noko skilting og sikring. Det blir sett opp bukkar med plakatar ved dei nye kryssingane. Det er ganske bratt frå undergangen og opp til Flid håndverk, så fint om de oppfordrar syklande til å gå med sykkelen der. Det blir også sett opp skilt som informerer om dette. NB! Tunnelen er låg, så om ein står på sykkelen kan ein slå seg!
Den mellombelse gangvegen vil vera klar til bruk frå måndag 02.09.24. - Kommunen har sett inn transport for alle elevar 1.-4. trinn frå Skattebøl skule
- Det er vakter på Skuletoppen ved skulestart og skuleslutt.
- Vi oppfordrar føresette som vel å køyre sine barn til/frå skuleområdet om å ikkje bruke Myrovegen, men heller køyre til Skuletoppen via sentrum
30.08.24
Sissel Skrindo, Kommunalsjef oppvekst