Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Skule og barnehage

Når barnehage og skule er stengt eller har innført karantene på grunn av korona

Regjeringa har lagt til rette for fleksible ordningar dersom skular eller barnehagar må stenge på grunn av lokale utbrot av koronasmitte. Dersom skulen eller barnehagen må stenge har foreldre rett til omsorgspengar. Det gjeld også når enkelte skuleklassar eller heile trinn vert sett i karantene.

Regjeringa har utvida retten til omsorgsdagar for føresette til barn under 12 år.

Dersom omsorgskvoten er brukt opp gjeld fylgjande:
Føresette ber skulen eller barnehagen om å stadfeste at skulen/trinnet/klassa eller barnehagen/avdelinga er stengt, eller at eleven/barnet er sett i karantene. Dette må gjerast skriftleg. Denne stadfestinga skal føresette levere til arbeidsgjevar. Deretter vil arbeidsgjevar betale pengane på forskot og krev refusjon frå Folketrygden.

Sjå meir informasjon her:

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/rett-til-omsorgsdager-ved-lokale-utbrudd/id2741415/

https://www.nav.no/familie/sykdom-i-familien/nb/omsorgspenger