Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

No kan du søke om sosialhjelp digitalt

Du kan no søke om sosialhjelp digitalt i Hallingdal.

Den nye løysninga gjer at du kan søke heimafrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søke sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysningar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?
Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Viss du ikkje kan eller ynskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søke på papir. Hastar det, kan du ringe vakttelefon 482 76 130.

Meir informasjon
På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon. Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no