Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Sikring av barn i bil

Bakovervendt bilstol er det sikraste.

Nokre korte fakta:

- Barn har ein annan kroppsbygning enn oss vaksne og treng derfor tilpassa beskyttelse. Dei har eit stort og tungt hovud i forhold til resten av kroppen. Samtidig er muskulatur og beinbygning mindre utvikla.  

- Når barnet sit bakovervendt blir kroppen og hovudet pressa mot seteryggen ved ein frontkollisjon. Kreftene blir derfor fordelt over ei større flate slik at belastninga blir mindre på hovud og nakke.  

Ta beltesjekken:  

- Beltet skal ligge stramt og tett på kroppen

- Ligge godt inn på skulder

- Ligge ned på hoftene  

Dette seier loven:

- Det er påbudt å sikre barn i bil. Barn som er under 135 cm høye skal alltid bruke godkjent barnesikringsutstyr som er riktig i forhold til barnets vekt og høgde.  

- Barn mellom 135 og 150 cm skal bruke godkjent barnesikringsutstyr dersom slikt utstyr er tilgjengeleg i bilen. Etter dette skal både barn og vaksne sikrast med bilbeltet.

- Barn skal ikkje transporterast i bakovervendt barnestol i forsete der det er airbag. Unntaket er viss kollisjonsputa er deaktivert manuelt eller automatisk.

- I bil der det ikkje er bilbelter (veteranbiler) skal barn under tre år ikkje transporterast. Barn over tre år skal ikkje transporterast i forsete i bilar utan bilbelte.

Meir informasjon knytta til sikring av barn i bil kan du finne HER.

Sist endret: 28.09.2022