Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sats på Hallingdal!

100% prosjektstilling

100% prosjektstilling som programleiar for "Sats på Hallingdal - regional omstilling 2022 - 2024
Hallingdal har 20600 innbyggarar, endå fleire «hyttehallingar» og er ein region prega av flott natur, fine folk og eit arbeidsliv der optimismen rår.
Hallingdal har gjennom fleire år opplevd eit hardt press på arbeidsplassar og bedrifter. Dette vart verre under koronaepidemien, og sjølv om me forventar at den internasjonale turismen skal ta seg opp att, har pandemien vist at Hallingdal i for stor grad er avhengig av reiselivsnæringa. Hallingdal ønskjer derfor gjennom omstillingsprogrammet SATS PÅ HALLINGDAL å vidareutvikle reiselivet og skapa eit breiare, meir variert og meir robust næringsgrunnlag.
Me ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga som programleiar (prosjektleiar) for SATS PÅ HALLINGDAL. Dette er ei stor satsing på næringsutvikling i regionen, og du som programleiar vil få høve til å påverke framtida i regionen vår. Stillinga rapporterer til omstillingsstyret.
Programleiar har det overordna ansvaret for innhald og framdrift i omstillingsprogrammet slik det er iht. politisk vedtekne styringsdokument og gjeldande regelverk.  
Ei sentral oppgåve vil vera å utvikle omstillingsprogrammet i Hallingdal til eit strategisk verktøy for næringsutvikling.  
Gjennom di leiing skal omstillingsprogrammet «SATS PÅ HALLINGDAL» også vera bindeledd mellom næringsliv, kunnskapsmiljø og det offentlege, gjennom nettverksbygging, kompetanseutvikling og samarbeid. 
Arbeidsoppgåver
• Overordna driftsansvar for programmet
• Legge til rette for og følge opp utviklingsprosjekt, i samarbeid med andre sentrale aktørar
• Identifisere og ta initiativ til nye næringsprosjekt i Hallingdal
• Profilere næringslivet i Hallingdal
• Ha ansvar for planar og strategiar, som t.d. omstillingsplan, årlege handlingsplanar og kommunikasjonsstrategi
• Skapa og utvikle møteplassar for næringslivet innanfor prioriterte satsingsområde
• Saksbehandling og analyse av søknader frå næringslivet
• Motivere til endringsvilje både i offentleg og privat sektor
Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning
• Erfaring med program/prosjektleiing og gjerne med omstillingsprosessar og/eller  endringsleiing i komplekse organisasjonar
• God evne til å engasjere, motivere og få folk med
• God kompetanse med digitale verktøy innan koordinering, planlegging og kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som er visjonær, handlekraftig, analytisk og strukturert. Vår nye programleiar er flink til å kommunisere og å til bygge nettverk. Du må vera ein synleg person som tenkjer heilskapleg og strategisk og har god økonomisk forståing.
Kva betyr dette for deg?
Du får gode løns- og pensjonsvilkår
Du styrer arbeidsdagen sjølv og har stor fleksibilitet
Du vil jobbe med små og store prosjekt i heile dalen og vil få stor variasjon i arbeidskvardagen.
Arbeidsstad: 
Me har kontorplass på Torpomoen i Ål kommune, men kan vera fleksibel på dette innanfor Hallingdal sine grenser.
Kontaktinfo:
Eventuelle spørsmål om stillinga kan rettast til:
Solveig Vestenfor, regionrådsordførar i Regionrådet for Hallingdal, tlf. 98873422
Jan Olav Helling, dagleg leiar i Regionrådet, tlf. 99287897

Søknad på e-post til joh@hallingdal.no
Søknadsfrist: 11. oktober 2021