Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

RS-virus - råd til foreldre

Hald barn med nye smittesymptom heime frå barnehage, også når koronatesten er negativ. dette kan hindre smittespreiing til andre barn, uansett virus. Som for andre sjukdommar er ein mest smittsam i starten.

Småbarnsforeldre bør unngå besøk av vaksne og barn som har luftveissymptom. Det er eit godt råd også når det ikkje er virussesong.

I familiar med nyfødde og og spedbarn, bør ein begrense besøk. Dersom familien har behov for støtte, omsorg og avlastning bør dette ivaretakast likevel.

Storesøsken må vaske hender når dei kjem heim frå barnehagen, før dei helser på predbarn i familien.

Dersom storesøsken blir sjuke, bør foreldre passe på at dei ikkje er tett på spedbarnet, sjølv om dette kan vere vanskelg i praksis. Dette er spesielt i viktig i starten av sjukdomsforløpet.