Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Røykvarslardagen

1. desember

Logo småjobbsentralen

Røykvarslardagen 1. desember i Hallingdal

Gledeleg melding til alle eldre og personar med nedsett funksjonsevne i Hallingdal!

Alle småjobbsentralane i Hallingdal (Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå) har i samarbeid med Hallingdal Brann- og Redningstjeneste IKS bestemt at me i samband med røykvarslardagen 2019 skal hjelpe alle eldre og personer med nedsett funksjonsevne i Hallingdal med å byte batteri og kontrollere gratis.

Det einaste dei treng å gjere er å bestille det hjå Småjobbsentralen i sin kommune.

Alle bustader er lovpålagt å ha montert minst ein røykvarslar i kvar etasje, og det er bustadeigar si plikt å montere og vedlikehalde dei. Dette er noko me veit er ei utfordring for eldre og andre som ikkje klarer å komme opp i høgden, samt det å hugse på at det må skiftast batteri, vedlikehaldast og testast for at dei skal virke som dei skal.

For at me skulle få dette til har me fått økonomisk støtte og hjelp i frå dei lokale forsikringskontora til Gjensidige Hallingdal, Sparebank 1 Hallingdal og Valdres og Skue Sparebank. Gjensidige Hallingdal og Sparebank 1 Hallingdal og Valdres gir og gode rabatter på brannsikringsutstyr til kundane sine dersom det skulle vise seg at det er naudsynt å skifte ut eller endre på røykvarslarane.

Småjobbsentralane kan utføre utbetring eller skifte av røykvarslarar, dette må bestillast som eit ordinært oppdrag, timeprisen er då kr. 150,- pr time.

Bestilling av gratis batteribyte og kontroll kan gjerast på her:

Ål Kommune Småjobbsentralen i Ål 482 54 984

Kontora på småjobbsentralane vil være bemanna 2. og 3. desember frå
kl 09.00 til kl. 16.00 i samband med røykvarslardagen.

PS!

Har du du litt ledig tid og har lyst å hjelpe andre med små praktiske arbeidsoppgåver? Småjobbsentralane i Hallingdal treng alle som ynskjer å bidra.
Ta kontakt med småjobbsentralen i din kommune og meld deg på!

Historikk småjobbsentraler i Hallingdal Ål.pdf