Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rettleiarar vedr koronasituasjonen

Oppdatert 22.03.2021

Tiltak - presiseringar for Ål kommune

Her finn du presiseringar og rettleiarar til gjeldande regler i Viken fylkeskommune. Desse er meint som et bidrag for å lettare kunne tolke kva forskrifta innebærer for Ål kommune.
Teksten kan bli endra fortløpande i takt med endringar frå sentralt hald.

Presiseringar i forhold til regionale tiltak/retningslinene for Viken og Oslo

Ål kommune - 220321 

Rettleiar for gjester i Ål kommune

Gjestene våre kjem frå mange ulike stader i Noreg, med ulikt smittetrykk. Det er difor viktig at både gjester og fastbuande er ekstra forsiktige i påska og andre periodar når det er mykje folk i kommunen.

Hytteliv? Her er anbefalinga at ein kan dra på hytta, men berre saman med folk i eigen husstand og ikkje ta imot besøk. Det er ikkje eit forbod.
Målet med dei nye tiltaka er å begrense mobiliteten og at ikkje folk frå mange ulike stader møtast.

I rettleiaren vår er det viktig å merke seg at vi bruker bør ved anbefalingar og skal ved forskriftsfesta påbod.

Rettleiar for gjester i Ål kommune

Næringsliv/bedrifter

Det er alltid den enkelte bedrifta sitt ansvar å sikre at drifta er smittevernfagleg forsvarleg og i samsvar med dei til eikvar tid gjeldande reglar og anbefalingar.
Ål kommune har utarbeidd ein rettleiar for å hjelpe verksemder i kommunen til å forstå kva dei innskjerpa reglane i Covid-19-forskriftens kapittel 5A som no gjeld for heile Viken eigentleg betyr. Rettleiaren er dynamisk og kan bli endra så snart det dukker opp nye moment/vurderingar.  

Rettleiar for næringsdrivande

Regionale tiltak og anbefalingar

Her finn du oversikt over regionale tiltak for Oslo og Viken