Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rekneskapssjef

100% fast stilling frå 01.01.2019

Illustrasjon 3d man
Ål kommune søkjer rekneskapssjef i 100 % fast stilling frå 1.1.2019.
Avd. servicetenester i Ål kommune har 12 tilsette fordelt på sekretariat, økonomi/lønn og servicetorg. Vårt regnskapsprogram er Visma og vi har fleire fagsystem som er knytta opp mot dette systemet. Vi har eit tett samarbeid med dei andre Hallingdalskommunane.
Arbeidsoppgåver
• Hovudoppgåva blir kommunalt rekneskap knytta til: rekneskap, lønn, budsjett, grunndata
• Budsjettoppretting
• Fakturering
• Innfordring
• Startlån
• Bistå økonomisjef
Kvalifikasjonar 
• Rekneskapsfagleg utdanning på bachelornivå er ønskeleg. Lang og relevant jobberfaring kan kompensere for utdanningskravet 
• Relevant erfaring frå kommunal forvaltning
• God IT- og systemforståing
Personlege eigenskapar
• Du har interesse og entusiasme for fagområdet
• Du er open og lærevillig
• Du er ansvarsbevisst og har stor arbeidskapasitet
• Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
• Du jobbar godt sjølvstendig og systematisk
• Du viser stor grad av serviceinnstilling
Me tilbyr
• 100 % fast stilling
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
• Lønn etter avtale og pensjonsordning gjennom KLP
Ellers gjeld vanlege kommunale tilsettingsvilkår i tråd med lover, avtalar og reglement. 
Er du glad i friluftsliv og set pris på eit rikt kulturliv, er Ål plassen for deg. Ål ligg sentralt i Sør-Noreg midt mellom Bergen og Oslo. Les meir om kva som skjer i Ål og Hallingdal på www.al.no
Ål kommune si viktigaste oppgåve er å utvikle eit godt lokalsamfunn og levere gode tenester til innbyggjarane våre. Dei tilsette er ein viktig ressurs for å nå desse måla. Er du ein ressurs for oss?
Spørsmål om stillinga
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
avdelingsleiar Turid Hilde Gåsbakk, mob 47 63 72 49, epost: thg@aal.kommune.no eller økonomisjef Erika Braaten,mob 91 10 26 68, epost: erika.maria.braaten@aal.kommune.no
Søknadsfrist:  25.10.2018

Du søker elektronisk via denne lenka.