Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Registrering av vassforsyningssystem

Deler du brønn med naboen?

No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vera registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, til dømes  brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på www.mattilsynet.no

Registreringa vert gjort enkelt frå mobiltelefonen. Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokre få tilleggsspørsmål som skal besvarast.

Mange fordelar med å registrere vannforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi nytte denne informasjonen i arbeidet vårt. Ein slik oversikt kan til dømes vera uunnværleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogeleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

Drikkevatnet skal vera trygt —også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevasssforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevayn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vera registrert står i drikkevassforskrifta 17. En presis definisjon av hva et vannforsyningssystem er kan du lese i drikkevasssforskrifta 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vannforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa?
Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med den lokale avdelinga di.