Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Vil du ha koronavaksine?

Då må du registrere deg digitalt!

For å kunne planlegge og handle raskare når vaksinedosene kjem til kommunen, ønskjer Ål kommune ein oversikt over kven som ønskjer vaksine, og kven som ikkje ønskjer vaksine.

Ål kommune ber alle i aldersgruppen 18 – 64 år om å registrere seg i Helseboka. 

Klikk her for å kome til Helseboka der du svarar på nokre spørsmål før registrering

NB! du må ha bank-ID for å bruke tenesta.

Alle registrerte som ønsker å ta vaksine, vil få eit SMS-varsel om å gå inn og bestille vaksinasjonstime så snart vi har vaksiner tilgjengeleg for dei ulike gruppene.

Hjelp gjerne kvarandre med å registrere seg. Du kan få ein som står deg nær til å hjelpe deg eller du kan sjølv hjelpe ein du står nær. Om du er den som hjelper, logg deg inn med din bank-ID og registrer vedkomande som ønskjer vaksine.

Dersom du ønskjer å reservere deg mot å få vaksine, kan du gjere det via den same lenka.

Treng du hjelp til registrering kan du ta kontakt med servicetorget på telefon 32085000.

Illustrasjon Helseboka