Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Radonmåling

Avtale med Eurofins

I desse dagar kjem det tilbod frå diverse firma som ynskjer å tilby radonmåling.

Miljøretta helsevern Hallingdal har i fleire år hatt ein god avtale med Eurofins Radonlab om radonmåling til ein gunstig pris for kommunane i Hallingdal.
Pris per sporfilm kr. 190,- (NOK) inkl. mva og frakt.
Bestilling gjer du på http://radonlab.com/hallingdal eller ved å kontakte Eurofins Radonlab på tlf: 21 96 03 50 (oppgi rabattkode "Hallingdal").

Gjennom denne avtala veit vi at innbyggjarane får tilbod frå eit seriøst firma til ein gunstig pris.
Sporfilmane vert analysert etter reglar tilrådd av Statens strålevern for både bustader og arbeidsplassar.

Målemetoden oppfyller alle formelle krav til analyserapportar som kan nyttast som dokumentasjon overfor myndigheiter ved utleige og ved kjøp og sal av eigedom. Resultata frå målingane vert behandla konfidensielt og kunden sjølv avgjer om måleresultata kan synast fram til andre, t.d. Miljøretta helsevern Hallingdal.