Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Rådmann

Endeleg vedtak i kommunestyret 13. desember.

Karsten Dideriksen

Kommunestyret har behandla saka i møte 13.12.2018 sak 69/18.

Behandling
Anne Kjersti Frøyen (V) gjekk frå som inhabil etter Forvaltningslova §6 c.
24 representantar behandla saka.
Det kom ingen nye framlegg.
Votering
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken med 24 røyster.
Vedtak
Ål kommunestyre tilset Karsten Popp Dideriksen som ny rådmann i Ål kommune frå 01.05.2019.
Rune Antonsen får tilbod om stillinga dersom Karsten Popp Dideriksen ikkje vel å ta imot tilbodet.

Dideriksen er idag kommunalsjef for helse og omsorg i Ål kommune. Han tek til i stillinga som rådmann 1. mai 2019.

Stillinga som kommunalsjef er utlyst. Søknadsfrist 6. januar 2019.