Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Råd og reglar for påsken

Informasjon frå kommuneoverlegen

påskeliljer

Me er heldige og har lite smitte i Hallingdal. Det vil me gjerne halde fram med. Men det er aukande smitte med ein meir smittsam virusvariant tett på oss, så me må vere forsiktige.

I Ål kommune er me pålagt å følgje dei regionale reglane i Tiltakspakke 5A i Covid19-forskriften. Med innføringane av denne følgde det også ein del anbefalingar. Desse reglane og anbefalingane er på nokon område strengare enn det som vart lagt fram av regjeringa 23/3 og som gjeld for heile landet.
Det er alltid dei strengaste reglane som gjeld.

Me håpar de kan få fine påskedagar innanfor gjeldande reglar og anbefalingar. Ta vare😊

Her er det viktigaste som gjeld for privatpersonar per i dag:
Anbefalingar:
• Alle bør unngå besøk og samankomster i eigen heim
• Hold minst 2 meter avstand til andre enn din eigen husstand
• Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige
• Du kan dra på hytta, men berre saman med personar i eigen husstand
Reglar:
• Alle arrangement er forbudt. Dette inkluderer private samankomster på offentleg stad.
• Det er ikkje tillatt med organiserte idretts- og fritidsaktivitetar. Det er unntak for utandørs aktivitetar for barn og unge under 20 år i grupper på inntil 10 personar og alle deltakarar frå samme kommune – med ei sterk anbefaling om å halde 2 meter avstand.
• Det er plikt til å bruke munnbind der ein ikkje kan halde 1 meter avstand, og anbefalt der ein ikkje kan halde 2 meter avstand

Detaljar rundt desse reglane og anbefalingane finn du her:
Innfører strenge regionale tiltak i hele Viken - regjeringen.no