Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Presisering av annonsetekst

Ål-ordførar presiserer annonsetekst

Ein annonse frå Ål kommune i dagens papirutgåve i Hallingdal har skapt reaksjonar blant næringsdrivande i Ål. I annonsen blir det gjeve råd til kva folk ikkje bør gjera på grunn av koronaviruset. I eitt punkt står det: «Unngå besøk i butikkar, bank o.l.».

Ordførar Solveig Vestenfor seier at denne formuleringa er upresis. Det burde stått: «Personar i risikogruppa, eldre og sjuke, bør ikkje gå i butikkar, bank o.l.» Vestenfor understrekar at det er viktig å støtte opp om lokalt næringsliv, men i den spesielle situasjonen me no er, er det viktig å hindre smittespreiing.
— Me må vera kloke, halde avstand og unngå situasjonar med opphoping av folk, seier Vestenfor.