Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Pilotundersøking om heimetenestane våre

Ål kommune skal vere med i ei pilotundersøking om korleis heimetenestene våre fungerer.

Kommunen skal gjennomføre ei spørreundersøking blant innbyggjarane som mottek hjelp i heimen. Spørsmåla handlar om brukarane sine erfaringar med tenestene.

Det er fyrste gong undersøkinga blir gjennomført, og vi er éin av femten kommunar som deltek. Målet er at erfaringane frå piloten skal danne utgangspunkt for utvikling av ei nasjonal spørreundersøking.

Forskningsbaserte undersøkingar som denne vil gje kommunen verdifull kunnskap, som igjen kan føre til betre omsorgstenester.

Det er frivillig for brukarane å delta og alle opplysningar er konfidensielle. Aktuelle brukarar vil få eit informasjonsbrev i løpet av februar/mars, og undersøkinga vert sendt ut i mars/april.

Vil du vite meir om undersøkinga, kontakt Folkehelseinstituttet ved Ingeborg Strømseng Sjetne, på telefonnummer 2107 73 17

        

Facebook             Twitter             LinkedIn             Email             Google+