Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Sando barnehage

Barnehagelærar / Pedagogisk leiar i Sando barnehage frå 11.03.19

Det er ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar i Sando barnehage frå 11.03.19.

Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage på Ål i Hallingdal. Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har kort veg til skog og ulike turmål. Barnehagen har fokus på IKT, natur, friluftsliv og fysisk aktivitet.

I Sando barnehage ynskjer me at barna skal få «verdas beste start – eit hav av moglegheiter». Det vert lagt vekt på å skape eit miljø der kvart einskild barn blir sett, høyrt og teke på alvor. 
For meir informasjon om Sando barnehage og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå her.

Kvalifikasjonar
Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.

Personlege eigenskapar:
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og søkjarar som brenn for barnehageyrket.

Viktige eigenskapar:
• framstår som ein tydeleg leiar som tør å ta ansvar
• interesse for pedagogisk utviklingsarbeid 
• gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• pågangsmot, engasjement og stor arbeidskapasitet
• lojal, har godt humør og er positiv
• fleksibel og løysingsorientert
• evne til å motivere, inspirere og rettleie
• ynskje om å ta del i fellesskapet, både fagleg og sosialt
• være glad i uteliv og friluftsliv.

Menn vert oppmoda om å søkje. Hallingdal har regional MIB-gruppe (menn i barnehage).

Me tilbyr:
• ein arbeidsplass med godt og utviklande arbeidsmiljø
• varierte og spanande arbeidsoppgåver
• engasjerte vaksne, barn og foreldre
• hjelp til å skaffe bustad
• pensjonsordning KLP
Lønsvilkår:
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad via denne lenka.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga. 

Søknadsfrist 02.01.2019