Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Påska 2021

Råd og tiltak frå regjeringa for påskeferien.

Generelt:

* Hald deg heime viss du ikkje er frisk, og test deg snarast råd viss du trur du er smitta.

Reiser:

* Reiser utanlands blir frårådd, med mindre dei er strengt nødvendige. Unngå unødvendige reiser i Norge.

* Reise til hytte kan likevel gjennomførast dersom du er særleg påpasseleg med smittevern undervegs og på feriestaden. Reis med dei du bur med eller tilsvarande nære, gjer helst innkjøpa før avreise og hald avstand til andre.

* Det er viktig å undersøke kva tiltak som gjeld i kommunen ein oppheld seg i, for eksempel via kommunanes nettsider eller helsenorge.no.

* Viss du reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak enn heimkommunen din, bør du som hovudregel følge anbefalingane som gjeld heime.

* Viss du er i karantene, eller ventar på testsvar, bør du ikkje dra på påskeferie, heller ikkje til eigen hytte.

* Er du på hytta og blir sjuk, bør du reise heim. Viss du blir ringt opp og sett i karantene, bør du dra heim.

* Du kan reise på hotell innanlands, men hald avstand til andre gjester, og avgrens opphald i fellesareala. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du ikkje reise på hotell eller liknande overnattingsstad der mange samlast.

* Det blir ikkje anbefalt å gå frå hytte til hytte, då dette inneber betydeleg auka risiko for smittespreiing.

* Dersom ubetjente hytter skal nyttast, bør det vere mogeleg å reservere på førehand, slik at ikkje fleire husstandar/reisefølge er der samtidig.

* Dersom hytter ligg vanskeleg tilgjengeleg, og behov for helsehjelp og ev. testing/karantene kan føre til utfordringar for lokale helsemyndigheiter, bør det lokalt vurderast om slike hytter bør anbefalast stengt.

* Reiselivsaktørar bør vurdere å avgrense tilgang til fellesareal, for å redusere smitterisikoen og gjere det lettare å overhalde smittevernanbefalingane.

Sosialt:

* Du bør unngå fleire enn 10 sosiale kontaktar i veka.

* Du bør unngå besøk av meir enn 5 personar i eige heim. Dersom heimkommunen din anbefaler å unngå besøk, bør du følge dette rådet, enten du er heime, på hytta eller annan stad.

* Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, blir det frårådd overnattingsbesøk i påska. Barn og unge under 20 år og aleinebuande kan likevel ha overnattingsbesøk av 1-2 faste venner.

* Vel helst utandørsaktivitetar. Unngå å oppsøke stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand, som serveringsstader, skistover, varmestover, leikeland, badeland og liknande. Du kan besøke alpinanlegg, men unngå trengsel.