Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Pårørandeskulen

Kurs for pårørande til personar med demens.

Hausten 2022

Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege forelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset har 4 samlingar frå kl.18 til 21 i Kårstugu (Ål helsesenter) på fylgjande datoar: 21.9 - 28.9 - 12.10 - 19.10    

På pårørandeskulen vektlegg me openheit i trygge omgivnadar. Fortrolige opplysningar som kjem fram, skal forbli mellom deltakarane.

Det er mogleg å fylgje forelesingane digitalt.

Om du har spørsmål eller om dette er noko som du kan tenkje deg å bli med på så ta kontakt med:  

Demensteamet i Ål:
Hilde.Mari.Kolbjornsgard@aal.kommune.no  
Tlf: 959 92 763

Tove.Braten@aal.kommune.no
Tlf: 476 22 550  

Frist: 1. september 2022

Sist endret: 04.07.2022