Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ord frå ordføraren

Jula 2020

Julekuler Annette Meyer

Året 2020 skriv seg inn i historia på ein heilt spesiell måte. Utfordringane kommunen og dalen har stått i sidan midten av mars, har krevd mykje av både unge, vaksne og eldre. 

Kriseleiinga i kommunen har på ein heilt eineståande måte fått erfare kvaliteten som finst i Ål kommune som organisasjon. Sidan 12.mars har me vore både overraska, takksame, rørt og imponert over den innsatsen, kreativiteten og utholdenhet alle tilsette har lagt ned til det beste for alt og alle de har tatt ansvar for! Det kostar å stå i slike tøffe utfordringar månad etter månad. Det krev eit enormt tålmod, forståing og rausheit med både innbyggarar, hyttefolk, brukarar, barn og elevar, når alle må ta ansvar for smittevern på alle nivå i kommunen.
Me er så utruleg takksame for at alle tilsette har tatt ansvar og vore med i kampen for å halde saman og halde ut!

Eg vil nytte høvet til å takke kommuneoverlege Geir Strømmen og rådmann Karsten for klokskap og ro i krevjande tider. Det har betydd mykje for mange, også for meg. Vår lokalpresse fortener også ein takk for å vera lett tilgjengeleg. Både lokalavis og lokalradio har vore viktige samarbeidspartnarar for å nå raskt ut til lesarar og lyttarar.

Koronaåret 2020 har kjennest som eit maraton, og denne kampen har vore tøff for mange. Næringslivet har verkeleg fått kjenne på diametralt motsette opplevingar i 2020. Mange bedrifter melder heldigvis om enorm etterspurnad, om «all time high», fordi folk prioriterer annleis. I 2020 har det blitt slik at folk bruker større deler av inntekt og fritid på restaurering, oppussing, dekorering, hage, inneliv og hytteliv.

Ål har svært mange som gler oss andre med konsertar, festivalar, diverse kunstuttrykk og musikk. Landet, kulturarrangement, festivalar og kinosalar har vore redusert til eit minimum heilt sidan midten av mars, og verken Ål og Hallingdal har vore lik seg sjølv. Det har vore krevjande.
Reiselivet har også hatt store svingingar i besøkstala, og kjenner framleis på utfordringar med tanke på våren som ventar i 2021.

Mange har vore altfor mykje åleine, mange har vore nedtrykte, frustrerte og lei. Alle har venta på betre tider. Slik sett har denne koronaen, som nettopp er kåra til årets nyord, også samla oss. Me står i ein kamp mot ein felles fiende. For me aksepterer at me må legge eige ego til side. Me må gjera som nasjonale styresmakter seier. Me må tåle dagar i karantene, nase- og halsprøver, spriting og vask av hender og ein meters avstand. Både klemming og hosting er blitt tabu.

Når alt kjem til alt er vel dette noko av det beste med oss menneske. At når det verkeleg trengst, klarer me å flytte egoet litt til sides og setja fellesskapet framfor oss sjølve. Det er fantastisk at det er slik.

Eg håpar 2021 vil gje oss den premien me alle drøymer om: Meir normale dagar, gode håndtrykk og klemmar når det kjennest naturleg, fleire møteplassar for folk i alle aldrar og mange gode oppturar for folk over heile verda. Trass alt lever me på den grøne grein, og det er i seg sjølv verdt å takke for.

Men oppturar og framdrift pregar definitivt også Ål-samfunnet. Det er enormt mykje å vera takksam for:

Elvelangs i Ål
Nysatsing ved Ålingen kjøpesenter
Elbil-ladepunkt-satsing
Bedrifter i vekst og utvikling
Aktive velforeiningar på Torpo og Sundre
Møteplassar som Kårstugu, Nigardsstugu, Ål kulturhus, Frivilligsentralen, HallUng, Tid kafé og landhandel
Kontorfellesskapa på Torget 3/ Tanken/ Torpomoen
Innovasjonskulturen i Hallingdal
Avløpsledning til Nordbygdene
Utvikling av næringsareal fleire stader i kommunen
Veteranplan
Sykkelstig Lya – Votndalsåsen
Felles forliksråd
Liatoppen
Ål stigbyggarlag
Sikteskive på Dyna
Babyskinn blir utdelt til alle nyfødde ålingar
Skravlekoppar i kafeane på Sundre
Bjørneboe-seminar på kunstnartunet
Saltstein tilpassa CWD-problematikken i Nordfjella
Ung Invest på Gol er etablert som ei fast ordning
Reiselivsfagskule på Geilo
Satsing på DEFA
Sjukepleiarutdanning i 2022 – på Torpomoen?
Berekraftig reisemål i heile Hallingdal
Ål kommune har starta arbeidet med å bli Miljøfyrtårn (endeleg)
5 par har vigd seg hjå ordføraren i 2020

Korleis får me til alt dette?
Det er i alle fall fem suksesskriterier:

• Fantastiske folk i alle leirar som bidreg til trivsel, bulyst, inkludering og utvikling.
• Framoverlente frivillige i lag og organisasjonar som gjer ein formidabel innsats for andre.
• Gode leiarar og dedikerte tilsette i heile kommunen.
• Politikarar som samarbeider og har felles mål om det beste for Ål.
• Eit godt og nært samarbeid med hallingane elles i dalen.


Takk til alle for konstruktive og triveleg møte, og for godt samarbeid!
Med varme ynskje om ei god jul og eit godt nytt år til dykk alle i 2021!

Solveig ordførar