Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Oppvekst - gult nivå

Det er for oppvekst vurdert fortsatt gult nivå til og med 06.06.21.
Det gjerast ny vurdering i neste veke om gult eller grønt nivå. 
Frå og med 27. mai kan kommunane sjølv gjere vurdering om kva for eit nivå oppvekstsektoren skal følgje i trafikklysmodellen.
Det er forventa auka smitte framover etter gjenopninga. Konsekvensane av eit smitteutbrot blir også potensielt vesentleg større når folk har meir kontakt. Difor har kommunalsjef for oppvekst; Vegar Hoel, vurdert det slik at me heldt sektoren på gult nivå ei veke fram i tid. 
Me ser alle fram til å kome på grønt nivå. Me nærmar oss veke for veke- dag for dag.