Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Oppstart i barnehage og skule

Informasjon i samband med corona

Oppstart i barnehage og skule i Ål kommune 

Kohortar (faste grupper) og gult nivå

Helsedirektoratet og folkeinstituttet har ikkje kome med endringar av sine koronarestriksjonar for barnehage og skule sidan avgjera om endring frå raudt til gult nivå i juni. Det vil seie at me fortsatt er på gult nivå, og kvar avdeling i barnehagen og kvar klasse på skulen er ein eigen kohort. To kohortar kan samarbeide, fortrinnsvis ute. 

Opningstid

På gult nivå er opningstida i barnehage og SFO kl. 07.30 – 16.30. 

Leksehjelp

Det blir oppstart av leksehjelp etter haustferien, meir informasjon frå skulen. 

Aktivitet utanom skuletid

Kommuneoverlegen i Ål oppmodar om at barn og unge ikkje har fleire enn 1 aktivitet per dag utan om skuletida. 

De finn heile informasjonsbrevet her