Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Oppheving av forbod mot open eld

Opphevinga gjeld i Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå kommune.

Med bakgrunn i den siste tidas nedbør i området, blir forbod  om all bruk av open eld utandørs i ovennemnte kommuner oppheva fom 11.6.18.

Brannsjefen minner om at brann og eksplosjonsvernlovgivninga med forskrifter, inneheld eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15.april – 15.september. Det er lov til å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann, ein er sjølv ansvarleg for denne vurderinga.

Forbodet mot all bruk av open eld kan tre i kraft igjen i løpet av kort tid, dette basert på skogbrannindeksen, nedbørsmengder, vindforhold og eventuelle hendingar. Vi ber om å  halde seg orientert.