- Ål ungdomsskule attende til gult nivå frå torsdag 21/1
- Heimekontor er fortsatt tilrådd
- Tilsette i skular og barnehagar og avdelingsleiarar i institusjonar kan ikkje ha heimekontor
- Ål kulturskule - normal drift for born
- Offentleg bading - stengt. Bassenga berre i bruk for skulane
- Vaksenopplæring - Held fram som no fram til fredag. Kommuneoverlegen sjekkar lokala og det vil kome ny vurdering då
- Det er påbode med munnbind inne i Ål kulturhus akkurat som i butikkane, dersom du ikkje klarar å halde ein meters avstand
- Kinodrift er normal frå og med onsdag 20/1
- Arrangement i Ål kulturhus blir avgjort i kvart tilfelle - sjå deira nettside
- Det er framleis tilrådd med digitale møte. Naudsynte arbeids- og politiske møte kan haldast etter gjeldande reglar - minst 2 meters avstand slik at møtedeltakarane ikkje blir rekna som nærkontaktar
- Treningssenter - ope for enkelttrening, men er stengt for grupper
Ål kommune følger dei nasjonale retningslinjene for koronatiltak