Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Økonomiplan og budsjett 2020 - 2023

Vedteke i kommunestyret 12.12.2019

Økonomiplan og budsjett 2020 - 2023

Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein økonomiplan som skal omfatte minst dei fire neste budsjettår. Økonomiplanen skal dekkje heile kommunen si verksemd og gje realistisk oversyn over sannsynlege inntekter, venta utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
Budsjettet er ein bindande plan for kommunen sine midlar og bruken av desse i budsjettåret. I løyvingar til ulike føremål kan ein gjere frådrag for tilhøyrande inntekter (nettobudsjettering).
Ål kommunestyre løyver nettoutgift pr. sektor og pr. avdeling i si budsjetthandsaming. I økonomistyringa er det likevel viktig og fylgje med på brutto inntekter og utgifter.
Budsjettprosessen strekkjer seg gjennom store delar av året. Føringar, vedtak og løyvingar gjennom året må innarbeidast i det økonomiske opplegget. Strategisamlingane i april er ein viktig arena som legg premissar og gjev politiske signal på dei ulike budsjettområda.
Innstilling til budsjettet frå formannskapet skal leggjast ut til offentleg ettersyn seinast 14 dagar før innstillinga blir handsama i kommunestyret.
Kommunestyret skal vedta budsjettet innan utgangen av året.

Økonomiplan og budsjett 2020 - 2023