Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ofte stilte spørsmål

Typiske spørsmål som er stilt til kommunane i Hallingdal:

1) Løypekjøring i påska/kan ein gå på ski? 
 Nokon trasear blir køyrt opp, men ikkje alle. Det er bra å koma seg ut, men hald god avstand til dei du møter.

2) Kan ein reise på besøk eller få besøk i påska? 
 Folk bør halde seg i ro i heimkommunen. Unge vaksne som er folkeregistert i ein av kommunane i Hallingdal, kan koma heim, men må vera aktsam og følgje sentrale retningslinjer og tilrådingar.

3) Kan me feire 17.mai som vanleg?
 Nei. Det blir ei annleis 17. maifeiring i 2020. 

4) Korleis skal ein oppføre seg når ein er i karantene? 
 Ein må halde seg unna folk,  og få andre til å handle for seg. Når ein er utandørs, må ein vera i område der det ikkje er andre i nærleiken. 

5) Kva med sjuke, eldre og folk med kroniske sjukdommar? Kan dei handle?
Dei må vera ekstra påpasselege, sidan dei er spesielt utsett og bør difor få andre til å handle for seg. 

6) Kva kan dei som er redde for å bli smitta gjera? 
 Hald avstand til andre, men ver sosial på andre måtar og bruk gjerne telefonen. Ta turar ut og lev livet så normalt som mogleg. 

7) Folk blir framleis sjuke av andre ting enn Covid-19. Kva skal dei gjera? 
 Ta kontakt med legekontor og fastlege, som tidlegare. Det er viktig at den som blir akutt sjuk, tek kontakt. 

8) Kan kommunal avgifter og eigedomsskatt utsetjast?
 Sjå nettsida eller ring  til den enkelte kommune
Spørsmål frå hyttehallingar:

9) Kan ein besøke hytta på dagsbesøk når den ligg i ein annan kommune enn der ein bur? 
 Sentrale retningslinjer opnar for dette, men det er ikkje tilrådd av kommunane i Hallingdal. 

10) Kan hyttefolk søkje om å sleppe eigedomsskatt?
 Nei

11) Blir det gjennomført kontrollar i hytteområda?
 Det er ulik praksis i kommunane. 

Hugs:
 Tlf nr til Korona tlf. 32085050.
Koronatelefonen er stengt i tidsrommet 8.4. frå kl  12.00  til 14.4. kl 09.00
 Til dykk som nyttar teiknspråk:  Bruk chat-funksjonen på kommunesidene.