Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nytt kommunenummer

Endring frå 1. januar 2020

Ål kommune har idag kommunenummer 0619. Frå 01.01.2020 endres det til 3043.

På grunn av endring i kommunenummeret kan det bli utfordringar med system som må oppdaterast til nyttår. Matrikkelen vil vere nede ein periode.

Kvifor nytt kommunenummer?

Stortinget vedtok 8. juni 2017 at 111 kommuner skal slåast saman til 43 nye kommunar. 13 fylkeskommunar blir til seks nye fylkeskommunar. Hovudregelen er at alle dei nye kommunane og fylkeskommunane får nye kommune- og fylkesnummer.
Samanslåing av fylkeskommunar gjer det naudsynt å fastsetje nye kommunenummer til alle kommunane i det nye fylket, då dei to fyrste sifra i eit kommunenummer viser til fylke.

Ål kommune blir frå 01.01.2020 ein del av Viken fylkeskommune.

Viken fylkeskommune skal frå 2020 bestå av det som i dag er fylka Akershus, Buskerud og Østfold, samt nokon omliggjande kommuner, Jevnaker og Lunner. Til saman vil Viken fylkeskommune ha 1,2 millioner innbyggjarar – nær ein fjerdedel av Noregs befolkning, og 24 595 km2 i samlet areal.

Her finn du informasjon om Viken fylkeskommune.