Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nytt billettsystem

Frå 25. september

logo e-billett

Kjære noverande eller tidlegare kunde av Ål kulturhus

Frå onsdag 25. september går Ål kulturhus over til nytt billettsystem. 

Då kan du ikkje lenger kjøpe billettane dine på Hallingbillett, men må nytte deg av nettsida vår: www.aal.kulturhus.no

NB! Måndag 23. september og tysdag 24. september vil det ikkje vere mogeleg å kjøpe billettar på web eller i skranken på kulturhuset, men frå onsdag 25. september er me oppe og går att på www.aal.kulturhus.no

Den nye billettAPP’en vår lastar du enkelt ned på telefon eller nettbrett: eBillett

Ål ligg inne der frå onsdag. Du må velje stad inne i appen.

Har du kjøpt billettar i Hallingbillett vil desse automatisk bli overført til nytt system, så du treng ikkje uroe deg for at billettane dine blir borte.

Har du behov for hjelp, så svarar me deg gjerne på telefon 32085100 eller på aal.kulturhus@hallingnett.no

Med helsing, Ål kulturhus
v/kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund