Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nyheitsbrev frå kulturadministrasjonen

Her står det mykje relevant informasjon om tilskotsordningar, prosjekt og aktivitetar framover.

Banner august 2022.png

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2022

Alle som skal sende inn ny eller fornya søknad må sette seg inn i dei nye føresegna, og sørge for at all dokumentasjon er på plass innan søknadsfristen 1. september. Prioritering av søknadar vert handsama politisk i desember og fordeling skjer medio juli 2023. Det er langt etterslep på spelemidlar i Viken, og en må rekne ca 3,5 års ventetid på tilskot. Minnar om at søknad må sendast seinast søknadsåret etter ferdigstilling av anlegget, og utbetalingsoppmoding med godkjent rekneskap må sendast frå administrasjonen i Ål kommune innan to år etter tildeling.

Bruk Hue

Er du trenar, dirigent, leiar, driv fritidsklubb eller undervisning? Bruk Hue er eit verktøy for å styrke frivilligheita i arbeidet med å forebygge og handtere nettmobbing, nettvett og utanforskap på barnas fritidsarenaer. Verktøyet er gratis for alle frivillige lag og organisasjonar og du finn det her.  

Fritid Hallingdal

Me oppmodar alle om å registrere sine aktivitetar på Fritid Hallingdal. Her finn du oversikt over det aller meste som skjer i Hallingdal. For dei som har registrert ein aktivitet tidlegare - gjerne gå inn og sjekk at informasjonen stemmer. Ta kontakt om du har spørsmål eller treng hjelp til å registrere din aktivitet.

Kva Skjer

Registrer dine arrangement i oversiktskalenderen for heile Hallingdal her. Ta kontakt med Ål Utvikling om du har spørsmål eller treng hjelp til å registrere ditt arrangement.

 

frivilligheitsåret ill.jpg

Frivilligheitsåret 2022

Markeringa av Frivilligheitsåret 2022 er no godt i gong i Ål kommune!

Les meir

medium-Logo_Hovedlogo_Positiv.jpg

 

Sist endret: 29.11.2022