Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nye tiltak 06.11.20

Ål kommune sluttar seg til tilrådingane frå KOLF

Klaus hausmann Pixabay

Ål kommune sluttar seg til tilrådingane frå kommuneoverlegeforum (KOLF), og kjem her med presiseringar som gjeld Ål kommune.
Det blir vist til tilrådingar frå Regjeringa som gjeld heile landet.

  • Begrense byte av arbeidsplass innan same dag. Kommuneoverlegen kan gi råd om kombinasjon av arbeidsforhold.
  • Det blir tilrådd å opne for trening og fritidsaktivitet for barn og unge (under 20 år). Aktivitet, kampar o.l. utanom eigen kommune bør ein avvente.
  • Breiddeidrett i grupper for vaksne blir fortsatt sett på vent.
  • Symjehallar og idrettshallar kan opnast for barn, unge og skule. Behandlingsbassenger er ope, med tilpasningar.
  • Biblioteket held fortsatt ope med gode smitteverntiltak.
  • Ungdomsklubb kan opne med gode smitteverntiltak.
  • Kulturskule kan opne med gode smitteverntiltak
  • Frisklivsentral og aktivitet for utsette grupper kan opne med gode smitteverntiltak. Bør fortrinnsvis legge opp til gruppetrening utendørs.
  • Ål Vaksenopplæring har vanleg oppmøte med godt smittevern. 
  • Tingstugu er fortsatt stengt for drop in og har besøkskontroll.