Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Nye tiltak for Viken og Oslo

Informasjon frå Ål kommune. Tiltaka er gjeldande fram til 12. april 2021

Ål kulturhus:

Ål kulturhus må dessverre stenge dørene fram t.o.m. 11. april grunna dei nye korona-restriksjonane i Viken.
Dette gjeld både kino, kulturarrangement, biblioteket, kulturskulen, kurs/møte, workshops, o.a.
Me jobbar fortløpande med å sende ut info til billettkjøparar på komande arrangement og kino.
Biblioteket tilbyr take-away, dvs. at ein kan bestille bøker og hente utanfor døra.
BUA har ei liknande ordning. Alt utstyr blir sprita ned ved innlevering/før nytt utlån. Du finn informasjon om tilbodet og ordninga her
Det er ein fortvila situasjon, men me håpar de står klare til å nytte huset i fullt mon når me får lov til å opne opp att.

Oppvekstsektoren:

  • Gult nivå i skule og barnehage
  • Ål kulturskule har digital heimeundervisning
  • Vaksenopplæringa har digital heimeundervisning
  • Skular og barnehagar kan nytte bassenga med gult nivå og eigne smitteverntiltak
  • Hallingdal leirskule er under vurdering for om det kan vere drift og besøk frå tilreisande klassar.
  • Nødvendig spesialoppfølging av barn i skule og barnehage er OK.

Helse:

  • Behandlingsbassenget er stengt
  • Dagtilboda er opne for dei som har dette tilbodet inne i sin plan. Dette gjeld dagsenter for eldre med hukommelsessvikt, dagsenter for ergoterapi og Varmestugu, og inkluderer berre nokre få brukarar.
  • Fysioterapitenester er lov på eigne behandlingsrom med 1:1 behandling. Gruppetimar eller Frisklivstrening er stengt.
  • Bebuarar kan ta imot besøk av ein til to faste nære så lenge tiltaksnivået er gjeldande, i første omgang fram til søndag 11.april 2021. Meir informasjon her

Diverse spørsmål som vi har fått:

  • Kursverksemd er definert som arrangement og er forbode.
  • Studentar heim til påske? Her har vi ikkje fått nokon klare føringar eller restriksjonar så langt. Ein må uansett tenke seg om fordi ein kjem inn i/heim til ein ny husstand. Ein må halde avstand, begrense kontakten utad og vurdere om ein har nokre i husstanden som har auka risiko rundt Covid19.
  • Hytteliv? Her er tilrådinga at ein kan dra på hytta, men berre saman med folk i eigen husstand og ikkje ta imot besøk. Målet med dei nye tiltaka er å begrense mobiliteten og at ikkje folk frå mange ulike stader møtast.
  • Det er tillatt med utandørs organisert idretts- og fritidsaktivitetar for barn og unge så lenge dette skjer i grupper på inntil 10 personar og alle kjem frå same kommune.
  • Barnebursdagar og familiesamankomstar er frårådd no.
  • Gravferd og bisetjing er lov
  • Minnestund er forbode.
  • Påbod om munnbind gjeld der ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • Heimekontor er påbode der det er praktisk mogeleg.
  • Ein bør unngå besøk og samankomstar heime med nokre unntak. Barn, i tillegg til besøk fra egen barnehage- og barneskolekohort, og unge kan ha besøk av eller gå på besøk til én til to faste venner
  • Ein bør ikkje dra til opne kjøpesenter eller varehus i nabokommunar.
  • Serveringsstader kan kun servere take away
  • Det er skjenkestopp

Politiske møter blir avvikla digitalt

Her finn du lenke til alle dei nye tiltaka