Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

NYBY - app for frivillige

Logo NYBY
Nyby er ei samhandlingsplattform for mobilisering av frivillige, og kobling av behov/oppdrag og frivillige.
Ål kommune ynskjer å ta i bruk denne.

Om du lastar inn NYBY-appen, så vil du få sjansen til å registrere deg i Ål.
Her får du opp 2 grupper. «Be om hjelp frå frivillige i Ål kommune» og « Bli frivillig i Ål kommune». Her kan du koble deg på den gruppa du har lyst og behov for.

For å vera frivillig, så må ein ôg innom nettsida til Ål frivilligsentral, for å signere teieplikt og personvernreglar. Alle frivillige skal gjennom ein godkjenningsprosess, før dei kan ta på seg oppdrag.
I gruppa «Be om hjelp fra frivillige i Ål», så kan ein legge inn oppdrag ein ynskjer å få hjelp til. Her gjer ein avtale direkte, utan at ein involverar andre. 

Etterkvart som det vert mange frivillige, så kan dette vera ein direkte kanal mellom dei som treng hjelp, og dei som tilbyr hjelp.
Her finn du nettsida til Ål Frivilligsentral