Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Ny tilskotsordning til mangfald- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal leggje til rette for økt deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge.

Det kan gis tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter.

Det er opna for søknadar og søknadsfristen er 13. juni, kl. 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal rette seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låg inntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilde barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverende og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga og send søknad på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.

Sist endret: 26.05.2022