Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ny digital fakturaløysing

Ål kommune startar no med digitalisering av utgåande faktura til kunder

Kva for konsekvensar vil dette få for deg?

Den nye løysinga inneber at alle faktura vert forsøkt sendt digitalt, som eFaktura, som Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Dersom dette ikkje er mogeleg vert fakturaen leve rt som papirfaktura i postkassen din.

Brevgiro

Dei nye fakturaene kan ikkje nyttast for betaling via brevgiro.

Betaler du via brevgiro, må du bruke ein bankgiroblankett, fylle ut nødvendig informasjon som du finn på den tilsendte fakturaen og deretter bruke den ferdig utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. 

Faktura via Vipps

Dei som har motteke faktura på papir tidlegare, kan no få fakturaen, som Vipps faktura.

Dette forutset at du nyttar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps faktura.

Faktura i Digipost / eBoks

For deg, som har motteke faktura på papir tidlegare. No vil du kunne motta fakturaen som digital post i Digipost- eller eBokspostkassen din.

Dette forutset at du allereie har ein digital postkasse (Digipost eller eBoks) og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege.

Faktura som vedlegg i e-post

For deg, som har motteke faktura på papir tidlegare. No vil du kunne få faktura som vedlegg i ein e-post frå Ål kommune.

Dette forutset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i Ål kommune sitt kunderegister.

Efaktura

Efaktura / avtalegiro avtaler du med banken din.

Dersom du allereie har ein avtalegiro eller efaktura-avtale, vil du halde fram med å motta faktura som avtalegiro eller efaktura.

Er det ikke mogeleg å sende faktura digitalt, vert faktura sendt på papir.

Faktura vert sendt til forretningsførar/andre enn deg sjølv

Har du i dag ein forretningsførar som mottek faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbyggjar) overstyre dersom kunden er registrert med personnummer. Faktura vert då sendt til  kunden i staden for “anna mottakar”. Me tilrår difor  at dykk som har “annan mottakar” til ikkje å inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Her kan du sjå ein video som forklarar digital faktura for deg: