Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nedbør skaper fleire utfordringar

Sundag 27. august

Servicetorget er ope måndag-fredag 09.00 - 15.00

Vakttelefon veg og park; 916 66 808
Vakttelefon vatn og avlaup; 9928 7901

Ved bortfall av nett vil det kome meldingar via Radio Hallingdal.
Frekvens 106,7 i Ål sentrum.

Klokka 1800:

All evakuering er oppheva, og folk kan reise heim. 
Krisestab i Ål kommune blir oppheva klokka 19.00

Riksveg 7 er stengt ved Nesbyen. Nødetatar kan passere.

Telenor melder om at ein basestasjon er nede slik at det er redusert mobildekning mellom Gol og Ål. 

Informasjon klokka 16.00

Politikontakt Pål Mikkelrud og ordførar Solveig Vestenfor informerer.

Geolog og politi går opp med politihelikopter no. Ål kommune er på oransje nivå farevarsel, alvorleg situasjon. Ifølge geolog er vassmengda omtrent det same i Breie/Thune som tidlegare, men det ser ut som det er på veg ned andre stader. Ingen nye stader som det er behov for å evakuere. Det er ikkje registrert nye ras no. Dei evakuerte vil få tilbod om middag.

Vi har no 78 evakuerte totalt, 54 er innkvartert på Thon hotell Hallingdal.

Breievegen er stengt ved Dalseide, men ein kjem inn frå begge endar.

Hallingdølen melder om at riksveg 7 kan bli stengt på kort varsel. Statens vegvesen tilrår omkøyring.

Ein basestasjon på Torpo er nede og gjer at mobilnettet kan vere ustabilt. Telenor arbeider med saka.

Kriseleiinga kjem med ny informasjon til dei evakuerte klokka 16.00

Servicetorget har ope telefon for spørsmål.

Thon hotell Hallingdal er evakueringssenter og registrerer evakuerte inn.

Klokka 12.15

Startar tvungen evakuering av Tune og Breie grunna fare for nye skred etter samtale med geologen. Ikkje akutt fare, men dersom bekkar tek nye vegar kan det gå nye skred.

Klokka 10.50
Ål kommune har satt krisestab. Geolog er ute i felten. Nokre bustadar i Bergstigen har fått evakueringsvarsel. Knøttecup på Torpo har fått beskjed om å avslutte så fort som råd.

Klokka 09.50
Det er fortsatt store nedbørsmengder som kan skape nye utfordringar.
Ål kommune har geolog ute og situasjonen blir vurdert. Vi oppdaterer ved endringar i situasjonen.

Sist endret: 19.09.2023