Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Nasjonalt velferdsteknologiprogram

Ål kommune er med i Nasjonalt velferdsteknologiprogram og heimetenesta har valt å satse på tryggleikskapande teknologi for brukarane.

Hand til ein eldre persjon

Dette inneber løysingar og produkt som gir effektivt tilsyn hos brukar utan fysisk tilsyn. Personalet får automatisk alarm, t.d. dersom personen har eit fall. Ein kan gå inn og ta eit tilsyn via kamera dersom det skulle vere behov. Bilete er då anonymisert, men om det er heilt nødvendig kan ein gå inn og sjå eit klart bilete. Dette vil kunne bidra til at brukar kan få raskare legehjelp i ein akutt situasjon.

Teknologien vi har valt å ta i bruk heiter Nattugla. Teknologien er tatt i bruk av andre kommunar og dei har gitt gode tilbakemeldingar på denne.
Målet med å ta teknologien i bruk er å skape tryggleik og ein enklare kvardag både for brukarar, pårørande og pleiepersonale. Nattugla er eit supplement til dagens teneste som gir økt tryggleik og betre kvalitet.

Gevinstane med bruk av Nattugla er mellom anna:

  • økt tryggleik
  • betre søvnkvalitet
  • fallforebyggjande
  • god oversikt for dei som jobbar natt

Sjå Nattugla.no for meir informasjon.

Sist endret: 29.11.2022