Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

MOT til å glede

Bli med og markere MOT til å glede dagen på Ål 23. november

MOT til å glede

Ål ungdomskule er ein skule med MOT og vi skal så klart markere dagen.

MOT til å glede-dagen handlar om å ha MOT til å leve og MOT til å bry seg – vi oppfordrar ungdom og vaksne over HEILE landet til å bidra til at dagen blir huska som årets varmaste dag.

Mål for dagen: Spre glede! Det betyr meir enn du trur
Vi har alle eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Viss kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håper vi at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn. VI VIL UTFORDRE ALLE TIL Å GLEDE NOKON DEI MØTER I DAG: Eit HEI kan bety meir enn du trur.

Årets markering
I år er med så heldige å ha moglegheit til å gjere litt ekstra for elevane på 1-10 trinn i Ål.
Ann Beate og Eirik skal saman med dei unge MOTivatorane våre dra rundt på skulane. Vi skal fortelje om MOT til å glede dagen og gje ut bollar og drikke til alle elevane. Dette gleder me uss til
SÅ ME HÅPAR DU OGSÅ BIDREG TIL Å SPREIE LITT EKSTRA GLEDE I DAG PÅ JOBB OG HEIME
YNSKJER ALLE EIN FLOTT DAG

Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:
• MOT til å glede-dagen har blitt arrangert siden 2004.
• Nesten 70.000 elever har MOT på skolen.
• MOT styrker ungdoms robusthet og mot gjennom livsmestringsprogrammer i skolen.
• Viktigste innsatsområde er MOTs program på ungdomsskolen og videregående skole. 
•  Undersøkelser viser at MOT på skolen bidrar til: mindre hyppig mobbing, færre ungdom uten en eneste venn, mindre psykiske vansker og mindre hyppig rusmisbruk.

Her kan du sjå ein kort film om MOT. Den tek kun 5 minutt.  

Helsing MOT i Ål
MOT i Ål
Solveig Vestenfor- MOT leiar, Ann Beate Øyre Bjørnsen- MOT koordinator og coach, Eirik Nestegard- Coach og ikkje minst våre unge motivatorer Una, Didric, Sten, Aurora, Erlend, Tuva og Tøri.