Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Menn i barnehagen

(MIB)

Det finst MIB-nettverk over heile landet, også i Hallingdal.
MIB er eit uformelt nettverk av og for menn/gutar som jobber i barnehage eller utdannar seg for å jobbe i barnehage.  

Nettverket fungerer som ein sosial og/eller fagleg møtestad, der du treffer andre som jobbar eller utdannar seg i retning denne sektoren. 

Målet er å få til eit mannsmiljø på tvers av barnehagane uavhengig av kva for kommune ein jobbar i. Fleire menn opplever å vere aleine som mann på jobb saman med mange kvinner og difor er desse nettverkssamlingane nødvendige og nyttige for svært mange. 

Her finn du mer informasjon om menn i barnehagen: www.mennibarnehagen.no