Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Medarbeidar tilsyn/sakshandsaming

100% fast stilling

100% fast stilling som medarbeidar tilsyn/sakshandsaming
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald  av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og kortreist, køfritt kvardagsliv.
Ål kommune er vertskap for nytt felles kontor for kommunane Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå på Torpomoen. Kontoret skal mellom anna følgje opp vassdirektivet, handsame utsleppssøknadar og føre tilsyn med private avløpsanlegg.
Vi ønsker at du:
• har relevant utdanning, praksis eller erfaring (ingeniør, byggfag, røyrleggjar, graveentreprenør med ADK-sertifikat)
• har erfaring frå avløpssaker og kommunal sakshandsaming
• har gode datakunnskapar
• vilje og evne til å lære nytt
• er serviceinnstilt, ryddig og god til å ordlegge deg munnleg og skriftleg på norsk
• likar og har evne til å koma i kontakt med andre
Søkjarar må ha førarkort for bil.
Vi tilbyr:
Varierte, spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
Mykje arbeid ute i felt i sumarhalvåret
Løn etter avtale og gunstig pensjonsordning.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte  
kommunalsjef Reidun Aaker tlf. 99287854 eller konstituert kontorleiar Glen Arvid Valstad tlf 47825348.
Elektronisk søknad  med CV via denne lenka
Søknadsfrist: 10. mars