Grunnskolelærarutdanning 1.-7. startar opp eit 5- årig løp på campus Hallingdal denne veka. Dette er ein unik sjanse for alle til å få formell utdanning som grunnskulelærar på barnetrinnet.
Dette er eit tilrettelagt nett- og samlingsbasert studium der ein kan kombinere arbeid med utdanning, og ein studiemodell som er skreddersydd for skulane i Hallingdal og Valdres.
Det er 2-4 fysiske samlingar per semester på Gol. Kvar samling er på 3-4 dagar. I tillegg er det ca. 4 timar nettundervisning dei vekene det ikkje er samlingar. Studentane gis fleksibilitet til å tilpasse kvardagen sin i forhold til familie og eventuelt jobb.
Dette er ei gylden moglegheit for skular å få fleire lærarar med godkjent lærarutdanning, ikkje minst er det ein unik sjanse for dei som jobbar ufaglært i skulen til å få ei formell utdanning.
Karakterkravet i matematikk og norsk er fjerna. Det krevst generell studiekompetanse for å søke studieplass.
Studiet starta onsdag 21. august på Stim-bygget på Gol, men det er fortsatt ledige plassar og du kan søke om plass innan 27.august
Her finn de informasjon om studiet og lenke til søknadsskjema