Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Livsstyrketrening

Målet er ein betre kvardag for deg!

Logo læring og mestring

Hallinghelse og Frisklivssentralen i Hemsedal samarbeider om eit interkommunalt kurs innan læring og meistring ved bruk av kursprogrammet Livsstyrketrening.

Målgruppa er innbyggjarar i Hallingdal over 18 år som lev med langvarige/kroniske helseutfordringar.
Evalueringane frå fleire gjennomførte kurs i 2018 og 2019 syner stor nytteverdi.

Det blir helde eit informasjonsmøte for interesserte deltakarar på
Møterom Bygdaheimen i Hemsedal onsdag 26.august kl. 14.30-15.30.
Det er anbefalt å delta på infomøtet!

Oppstart av sjølve kurset er onsdag 9.september kl 11.30-14.30.
Kurset går over 10 samlingar på Bygdaheimen Hemsedal.
Kurset er gratis!

For meir informasjon om kurset, sjå vedlagt brosjyre. Her eit lite utdrag:

Kva Livsstyrketrening er:
*Bevisstgjering om eigen livssituasjon
*Oppmerksemd på åtferds- og tankemønster
*Bevisstgjering av ressursar og moglegheiter
*Auka eigenomsorg ved å ta gode val

Kva Livsstyrketrening IKKJE er:
*Ikkje eit kurs der du får råd om kva du bør gjera
*Ikkje tradisjonell undervisning om sjukdom,
legemidlar osv.
*Ikkje ein stad der du fortel om di historie
*Ikkje ei fysisk treningsgruppe

Brosjyre om tilbodet finn du her