Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Leve Heile Livet

21. november klokka 17 30 - 20.00

«LEVE HEILE LIVET» INVITASJON FOR DEG SOM ER 60+

Annonse

LEVE HEILE LIVET er ein kvalitetsreform for dei over 65 år.

Reforma er basert på tilbakemeldingar frå dialogmøter i heile landet der ein har sett på område der det  som oftast sviktar i eksisterande tilbod, og ein har kome med forslag til gode løysingar.

I Ål kommune har me sett i gang eit prosjekt, som skal ta for seg arbeidet med denne reforma. Prosjektgruppa skal kartleggje ønskjer og behov, frå dei som er over 60 år. For å få nok mangfald i resultata, treng me innspel frå deg!

Me ønskjer å få fram behova til framtidas eldre, ved å spørja «kva er viktig for deg». Kva ønskjer bebuarane på Ål, innanfor aktivitet, fellesskap, mat, helsehjelp og samanheng i tenester, og kva skal til for å få eit aldersvenleg samfunn her på Ål.

Det er kanskje vanskeleg å sjå for deg din alderdom om du no er 60 år, men det er spesielt den «yngre aldrande» befolkninga me ønskjer å kome i dialog med.

Me inviterer til eit ope møte, der dei som ønskjer kan få koma med innspel på behov og draumar for deira neste 30-40 år. Me aldrast heile livet, og behova vil endre seg i tråd med alderen.
Du har ansvar for eiga liv og helse – men kanskje treng du hjelp til å planleggje korleis?

Torsdag 21. november blir det dialogmøte på Kafè Tid, Ål, klokka 17.30-20.00.
Me ønskjer alle bebuarar på Ål over 60 velkomen, men du kan sjølvsagt og ta med deg ein ven som ikkje har fylt 60 heilt endå. Me byr på kaffi og noko å bite i, i hyggjeleg lag.