Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Gjer hytta om til bustad mellombels

Lev hyttedraumen: God plass, unike naturopplevingar og eit stort kulturtilbod. Som hytteåling har du tilgang til alt dette og meir, i helger og ferier når du er på hytta. Kvifor ikkje prøve ut livet i Ål på fulltid?

Foto: Elias Dahlen

Ål kommune har nemleg opna for at dei som har hytter i områder med vinterbrøytt veg og som er kobla på vatn og avløp, eller har godkjent avløpsordning dimensjonert for heilårsbruk, kan søke om mellombels dispensasjon for å bruksendre hytta til heilårsbustad i inntil fem år.

Det er ikkje saksbehandlingsgebyr på søknaden. Husstandar i kommunen som har straumavtale med Ål Kraftverk KF får kommunal straumrabatt i tillegg til statleg kompensasjon.*

Flytting til hytta må meldast til Folkeregisteret. Det er viktig å merke seg at det er buplikt i Ål kommune. Det vil si at ein må busette seg fast på hytta, eller leige den ut til fastbuande. Det blir gjort kontrollar for å sjå til at buplikta er overheldt. 

Varm velkomst i Ål

Frå våren 2021 til sommaren 2022 budde ekteparet Irene og Bjørn Eckhardt fast på hytta i Skarslia i Ål. Her har dei nytt naturen og hatt dyrelivet tett på. Dei har spent på seg skia rett utanfor døra og gått milevis i preparerte løyper, på vekedagar så vel som i helg. Og med bil var det berre ein kort køyretur til sentrum med butikkar og Ål Kulturhus sitt store tilbod.

«Å kunne bo permanent på hytta er ikke noe vi kunne gjøre uten godkjennelse, selv ikke i frie Norge. Ål kommune har vært veldig smidige og velvillige innenfor reglementet. De burde holde kurs i hvordan å ønske nye innbyggere velkommen. Like etter at vi flyttet fikk vi innbydelse til middag, med foredrag om hva Ål kunne gjøre for oss nye. Det var mye.» - Bjørn Eckhardt, fastbuande hytteåling.

Kontorfellesskap og barnehage

I Ål sentrum, under 20 minuttar køyring frå dei fleste hyttegrendene og i umiddelbar nærleik til Ål stasjon, er det mange gode kontorfellesskap. Dei kan tilby kontorplass, møterom, fibernett og andre fasilitetar. Og ikkje minst trivelege kollegaer og sosiale møteplassar.

Ål kommune har god barnehagedekning med fleire barnehagar i sentrum og grendene. Ved ledig kapasitet tildelast plass fortløpande gjennom året.  

Slik søker du:

1. Send ut nabovarsel til hyttenaboar. Adresser får du hjå Servicetorget. Legg ved søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen.

2. Etter at nabofristen er utgått kan du sende søknaden om dispensasjon til Ål kommune saman med evt. merknader frå naboar, dine kommentarar til desse, dokumentasjon på dimensjonert vatn- og avløpsanlegg, og dokumentasjon på kartlegging av skred og flomfare.

Spørsmål? Kontakt Servicetorget på tlf 32 08 50 00 for meir informasjon.

*Staten dekker 90% av gjennomsnittleg spotpris som overstig 70/kWh. Ål kommune dekker 10%, slik at samla stønad vert 100%. Ordninga gjeldt i utg.pkt til 31.12.22, eller til det kjem evt. endringar i staten si ordning.

Sist endret: 28.09.2022