Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ledige stillingar

Lærarar til Nedre-Ål skule og Skattebøl skule

Er du oppteken av barn og læring? Og trivst i positive og utviklingsorienterte miljø? Då kan du vere den som me søker etter!

Me søker

Det er ledig fylgjande stillingar frå 1. januar og ut skuleåret, med moglegheit for å fortsette frå august:

- 100 % stilling som pedagog ved Nedre-Ål skule
- 100 % stilling som pedagog ved Skattebøl skule

Nedre-Ål skule er ein barneskule for 1.-7. trinn med 201 elevar og 44 tilsette. Skulen har eige symjebasseng og liten gymsal som fungerer som aula/festsal. Kroppsøving har skulen i idrettshall som ligg i nærområdet. I nærleiken har skulen eit flott uteområde. Her er det terreng for både fysisk aktivitet og turar. I skuleparken har me sykkelpark, fotballbane, skatepark og klatretårn.

Skattebøl skule har 53 elevar i 1.-4.klasse og 12 tilsette. Skulen har eit fantastisk uteområde som innbyr til fysisk aktivitet og leik sommar som vinter. Me har i nærområdet fleire leirplassar som blir nytta i uteskule.

Du finn heile utlysingsteksten her.

Søknadsfrist 01.01.2020