Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Spennande stillingar i oppvekstsektoren

Ungar på skulen

Fylgjande stillingar er ledige frå 01.08.2021:

Lærarar i grunnskulen
Barnehagelærarar i barnehagane
Assisterande rektor ved Ål ungdomsskule
Rådgjevar/sosiallærar ved Ål ungdomsskule
Rådgjevar ved oppvekstkontoret
Lærar ved Ål vaksenopplæring
 
I kåringa til UNICEF i 2020 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som den sjette beste kommunen i landet. 

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. 

Betre læring er vår lokale oppvekstplan og er ein felles plan for alle einingane i oppvekstsektoren. Her er «tett og tidleg på» og «auka læringsutbytte» viktige mål. Hovudsatsinga er for tida «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø».
Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC.
Alle klasserom er godt utstyrt med ny teknologi som t.d nettverksprosjektor, apple-TV, bluetooth-høgtalar med lærarmikrofon.
Framover vil «Det digitale klasserommet i fagfornyinga» vere eit viktig satsingsområde for skulane.

 Her finn du meir informasjon: