Det er ledige plassar på lærarutdanninga i Hallingdal. Opptakskravet er generell studiekompetanse. Vi har fått dispensasjon frå dei spesifikke krava til karakterar i matematikk og norsk, fortel Jon Oppsal Sletto, kommunalsjef for Oppvekst og kultur i Hol kommune. Fram til 23. august vil Universitetet Sørøst- Noreg kunne ta inn fleire studentar på lærarstudiet.
"Kommunane i Valdres og Hallingdal treng lærarar. No har vi ein ideell situasjon der vi større grad vil kunne rekruttere til læraryrket dei studentane som tek lærarutdanninga si i dalen. Fleire av skulane i Valdres og Hallingdal vil vere øvingsskular, og erfarne lærarar vil bli skolerte som øvingslærarar for studentane. Vi blir kjent med studentane og dei kjenner oss. Dette er bra for rekrutteringa til skulane i dei to regionane, og avgjerande for å lukkast i tida framover," meiner Sletto.
Lærarutdanninga i Hallingdal er spesiell fordi Universitetet i Sørøst-Noreg og kommunane i Hallingdal og Valdres har gått saman om å tilretteleggje for ei ordning der alle som får tilbod om studieplass også får høve til å søkje om ei 20 % lønna stilling ved ei av skulane i regionen.
Ei slik tilrettelegging for relevant, lønna arbeid i studietida er ganske unikt, fortel Sletto. Det er ei form for nytenking som skulane i Hallingdal skal ha ros for, sier han.
17 stk har så langt takka ja til studieplass på den nye lærarutdanninga frå 1. til 7. trinn i Hallingdal.