Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Lag og organisasjonar

Informasjon om koronasituasjonen

Congerdesign - Pixabay

Det blir foreløpig ingen innstrammingar i nasjonale reglar og anbefalingar. Så lenge det ikkje er lokale utbrudd i Hallingdal har me heller ingen lokale tiltak utover munnbindpåbud. Det er 0 i smittetal i Ål kommune, men det har vore fleire smitta og mange i karantene både i Ål og Hallingdal dei siste vekene.
Per i dag er om lag 80 % av covid19-prøvene i Vestre Viken engelsk virusmutant. Denne mutanten er vesentleg meir smittsam. Det kan komme anbefalingar om 2 meter avstand i nærmaste framtid.
For å hindre spredning blir det ekstra viktig å følge smitteverntiltaka framover!

Det viktigaste når det gjeld aktivitetar:

• Det er ikkje anbefalt med organiserte aktivitetar for vaksne innandørs.
• Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktiviteter som normalt. Anbefalt kohortstørrelse ca 20.

• Dei fleste arrangement bør avlysast eller utsettast. Arrangement som samlar deltakarar frå fleire kommunar skal utsettast.
• Private samankomster på offentleg stad og arrangement innandørs utan faste tilviste sitteplassar har ei antalsbegrensing på 10 personar.
• Me anbefaler at møter og liknande blir halde digitalt så langt det er mulig.

• For barn og ungdom er det tillatt med idrettsarrangement og konkurransar med deltakarar frå samme kommune med inntil 50 personar innandørs og 200 personar utandørs.
• I idrettar som ikkje innebærer nærkontakt, som for eksempel ski, kan konkurransane samle deltakarar frå samme krets.
• Det bes om at utøvarar frå kommunar med høgt smittetrykk ikkje deltar.
• Me anbefaler ikkje arrangement som går over fleire dagar på grunn av utfordringar med blanding av kohortar.

Antallsbegrensninger ved arrangementer og sammenkomster. (Avstand på 1 meter skal kunne holdes for alle typer sammenkomster) FHI

Du finn meir utfyllande informasjon her