Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kva skal kastast i do?

Kva skal kastast i do?

Under ser du eit bilde av ein skruve på slammottaket ved Sundre renseanlegg. Den køyrte seg heilt fast i går.
Årsaka er at mange kastar ting i do som ikkje skal vere der. Kva som er kasta her er ikkje lett å sjå. Det kan vere fleire ulike ting, men eingongsfiller går att.

Utanom det som kjem frå kroppen er det berre papir som skal kastast i do.

I dette tilfellet førte det til driftsstans i fleire timar, og då også slutt på innkøyring av slam for Telemark godsliner. Dette fører til meirarbeid og høgare kostnader for abonnentane.