Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kulturprisen 2018

Kulturprisen 2018

Endeleg får me delt ut kulturprisen for i fjor.
Vår store kulturarbeidar er heime ein snøggtur, frå overvintring i Finnmark og me har fått lurt han til kommunestyremøtet

Thor Warberg. Foto: Thor Warberg facebookprofil

Hjartleg tillukke Thor Warberg!!

Utdag frå nominasjonen:

Thor Warberg har gjort ein stor innsats på kulturfeltet i mange år, ikkje minst det store arbeidet med Ål bygdesoga (slektssoga i 10 bind).
Han har også gjeve ut andre bøker, m.a. «Hallingband i 100 år» , «Anleggstid og anleggsliv» om kraftutbygginga i Hallingdal, og no sist bok om målaren Anders Askevold.
Han var også med og restaurerte den gamle tjørefabrikken i Sangelia, og har vore aktivt med i fleire lag og organisasjonar.