Ål kommune

- kulturkommunen

Mi side  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

KulTur for nye innflyttarar

17. august fekk nye innflyttarar i Ål oppleve KulTur på Sundre.

Som eit tiltak for inkludering og trivsel for nye innflyttarar i Ål har Bu- og blilystteamet i Ål kommune arrangert KulTur - ein kortversjon av dei populære Kulturvandringane i Ål sentrum.

KulTur Warberg rosemaling

Thor Warberg viste dei rundt og fortalde om kunst og kultur frå "gamle dagar". Turen starta i Kulturhuset med rosemalingens opprinnelse og korleis den har fått utvikle seg gjennom inspirasjon frå blant anna arabiske land.

KulTur Tingstugutrappa

Deretter gjekk turen vidare til Tingstugutrappa der Warberg fortalde om korleis det var på Sundre før i tida, og dei fekk høyre ei spennande historie om doktor Pahle og hans modige norske elghund som gjorde ein heroisk innsats mot ein tysk schäfer under andre verdskrig.

KulTur Gamlevegen Fjellheim

I Gamlevegen fekk dei høyre historia til Fjellheim-huset og at vegen til Oslo gjekk forbi der. Dei fekk sjå kvar den gamle skysstasjonen var og Warberg fortalde levande om korleis det var å reise med hest og kjerre, før Bergensbanen vart ferdig i 1909 og folk begynte å reise på andre måtar.

Vel nede i Sundrevegen fekk dei høyre om Sundrehall og ungdomskulturen i Ål på siste halvdel av 1900-talet. Det var med nostalgi i blikket Warberg minnast korleis rockebandet SHAG spelte så det gynga i golvet.

KulTur Torget

Turen vart avslutta på Torget der Warberg snakka om motivet i kommunevåpenet og historia bak det. Innflyttarane takka for turen og gjekk heim med mykje spennande kunnskap om sin nye heimstad.